UL Vårvon


Formann
Henning Andreas Solheim tlf.91775358

--------------------------------------------------------

Friluftsliv: Nytt skiløypelag på Fjone!


Løypelaget godt i gang med 50.000 frå Sparebanken Sør !!

Ein kan trygt seie at Løypelaget har fått ein "flying start" med 50.000 kroner i oppstartsmidlar frå Sparebanken Sør. Pengane gjett av bankens gavefond til samfunnsnyttige formål er eit svært godt utgangspunkt for å realisere prosjektet alt frå høsten av.

Det fyrste møtet i interimstyret for det som skal verte skiping av Fjone Løypelag vart avholde 1.mai. Erik Dale vart styreleiar. Styremedlem er Sverre Haugstøl, Bjarne Reime, Halvard Vike, Odd Pedersen og Gunnar Dale.

Vedtekter, finansiering og praktiske forhold rundt vegen var sentrale tema på møtet. Når det gjeld økonomi, ser ein for seg å søkje oppstartsmidler frå relevante og større verksemder, samt Nissedal kommune. Ein skal også utfordre mindre lokale verksemder i å bidra som firmapartnarar. Alle verksemdene får mogleghet for profilering på eit synleg og finty skilt ved parkeringsplassen.
Styret ynskjer å skaffe ein bufferkapital på ca 100.000 i inneværande år. Dette kjem i tillegg til årlege andelar per husstand på 1000 kroner. Augon Kåsa vert oppnevnd som regnskapsførar for løypelaget.

Vedtektene er snart på plass og forslaget vil bli lagt fram på eit konstituerande årsmøte i september/oktober. Målet med vedtektene er å sikre ein god, ryddig og formell struktur som grunnlag for løypelaget. Styret ynskjer at dette skal bli eit varig og forutsigbart tilbod for lokalbefolkning og besøkjande. Ein er og veldig opptatt av eit godt samarbeid med grunneigarar og lokalt veglag.

Interimstyret ynskjer å skape merksemd og profilering av dette initiativet, både på Fjone og i kommunen for øvrig. Ein trur sågar at tilgangen til dette terrenget på vinterstid kan vere attraktivt for besøkande utanfor kommunen og. Det skal utviklas ein enkel visuell profil og ei lita brosjyre med løypekart for området.

Når det gjeld kor løypa skal gå, er dette endå ikkje heilt på plass, men den vil gå langs eksisterande løype, samt at ein ynskjer å lage ein avstikkar til Jamdokk.

Med dei midlande som alt no er kome inn tek ein sikte på å opparbeide parkeringsplass i løpet av sommaren.
 



     

© Leif Haugstøyl & Gunnar Fjone, 3854 Nissedal  -  www.fjone.no, info @fjone.no